Har tatt steget ut i Europa

FOTBALL: Tidlegare Skavøypoll-spelar William Rakkenes er i troppen når Sogndal G19 speler mot finske Honka i Europaligaen torsdag.

William Rakkenes er ein del av troppen når Sogndal G19 møter Honka torsdag kveld.   Foto: Privat

Sport

Sogndal spelte mot Honka 2. oktober og Rakkenes kom inn frå benken etter rundt 80 spelte minutt. Sogningane vann kampen 3–1 på Fosshaugane Campus. Om Sogndal også vinn returkampen i kveld skal dei sannsynlegvis møte eit lag frå Albania.