Avslutta med storsiger:

Ser lyst på ny sesong

FOTBALL (Kaupanger-Selje/Åheim 1-6): Samarbeidslaget avslutta sesongen med storsiger. Det får kapteinen til å glede seg ekstra mykje til ein ny sesong med laget.

Selje/Åheim avslutta sin første sesong med storsiger mot Kaupanger. – Planen før kampen var sjølvsagt å ta med seg tre poeng. Vi har venta og venta sidan førre siger, og vi har vore utruleg nær i kvar kamp. Så vi tenkte at det hadde vore fortent med tre poeng, seier kaptein Martine Refsnes Nøstdal.   Foto: Selje IL Fotball

Sport

– Vi har ikkje tatt det opp, men slik det ser ut no ønskjer dei fleste å vere med vidare i ein ny sesong neste år. Eg for min del elskar å vere med, både for fellesskapet og sporten, seier Martine Refsnes Nøstdal.