Vurderar andre alternativ

Speletid avgjer framtida

FOTBALL: Endre Kupen frå Venøy i Selje fekk ikkje den smaken av Eliteserie-spel som han såg for seg. No vurderer han andre moglegheiter.

Har meir å bevise: Det vart ikkje den Eliteserie-karrieren Endre Kupen hadde sett for seg etter overgangen frå Florø til Bodø/Glimt i 2017. No avheng framtida til storscoraren på om det blir speletid i klubben i nord. Foto: Glimt.no 

Sport

Kupen fekk draumeovergangen til Eliteserien og Bodø/Glimt etter å ha banka inn fjorten mål for Florø i OBOS-ligaen i 2017. Men berre veker før seriestart i 2018 fekk han ei vriding i kneet med rive korsband som resultat. Til fjorårssesongen var den revansjesugne storscoraren klar for å vise seg fram, men utan kamptrening og med ein stall som presterte til sølv, vart det vanskeleg å få fast plass i startellevaren.