Klar for sin femte sesong i divisjonen

Går for fornya kontrakt

FOTBALL: Etter inntoget i fjerdedivisjon for fire år sidan har det sakte men sikkert gått litt nedover for Bremanger. Men målet er framleis å kunne få vere med å leike med «dei store».

Går for å berge plassen: Før fjorårets sesong uttalte Bremanger-trenar Tore Rylandsholm at laget burde sikte seg inn på øvre halvdel. No justerast ambisjonsnivået for å unngå å måtte krige i nedrykkssumpa nok eit år. Foto: Stig Høynes 

Sport

Laget går på sin femte sesong som 4. divisjonslag, med den første sesongen i 2016 som den beste. Då hamna laget på ein sjuandeplass med 32 poeng. Dei to etterfølgande åra vart det tiandeplass med 21 poeng før fjoråret markerte seg som det dårlegaste med nok ein tiandeplass, men då med berre 16 poeng. Det trass i høgt ambisjonsnivå.