Slik blir dei nye draktene

FOTBALL: Måløy Fotballklubb kan no presentere korleis dei nye draktene skal sjå ut, men fabrikkane som skal produsere draktene i Kina er ramma av koronaviruset, og draktene kjem difor først ein månad etter sesongstart.

Slik blir dei nye draktene til Måløy Fotballklubb 

Sport

– Draktene skal produserast av Umbro, og som eit resultat av at deira fabrikkar i Kina er ramma av koronaviruset vil leveransen bli forsinka, skriv Måløy Fotballklubb i ei pressemelding.

Den første månaden av sesongen skal difor Måløy FK sine lag spele i t-skjortene som vart nytta som drakter på Sparebanken Vest Cup og KM i futsal.

– Når vi nærmar oss fotballens nasjonaldag, 16. mai., vil vi kunne sjå rundt 200 MFK'arar entre bana i sine nye draktsett. Vi gler oss, heiter det i meldinga.


Styrket satsing i ungdomsfotballen

Måløy Fotballklubb er enig med Erik Sandal om å utvide hans stilling i klubben til å også omfatte arbeid for ungdomsfotballen.


Heimedrakta, i draktsettet for sesongen 2020-22, vil ha marineblå som primærfarge, mens reservedrakta og keeperdrakta blir raud med tilsvarande design.

– Logoen til våre fem fremste sponsorar vil pryde draktene: Sparebanken Vest på brystet, Baatbygg og Stadyard på ermene og Coast Seafood og Toyota på ryggen, opplyser klubben.