Neste sesong er målet til Andrine (20) å køyre meir v-cup

Haugen-alpinisten Andrine Mårstøl (20) har sju topp 10-plasseringar i europacupen og debuterte i verdscupen denne sesongen.

På veg mot verdstoppen: Andrine Mårstøl (20) frå Haugen IL er i posisjon til å kunne bli ein ny utøvar frå Nordfjord i verdstoppen i sin idrett. – Målet for neste sesong er å køyre meir verdscup, seier ho etter debuten i v-cupen i Courchevel rett før jul.  Foto: privat

Sport

– Eg har oppnådd måla mine og er godt nøgd, sjølv om sesongen ser ut til å få ei veldig kjedelig avslutning. Men alle skjønar at vi ikkje kunne halde fram med å køyre renn når situasjonen i samfunnet er som han er, seier Mårstøl.