Har sendt ut invitasjon med atterhald

– Vi inviterer til cup og bevarer håpet så lenge som mogleg

Eit av årets høgdepunkt i Selje-bygda er den årlege Seljecupen som etter planen skal gå av stabelen 12–14 juni. For å vere klar om pandemien går den rette vegen, har klubben i desse dagar sendt ut invitasjon.

Held håpet oppe: Atle Solheim i Selje idrettslag har sendt ut invitasjon til årets Seljecup for å vere føre var om dei får tillatelse til å gjennomføre turneringa.   Foto: Fjordenes Tidende

Sport

Det er det 26. året på rad klubben inviterer til den tradisjonsrike turneringa. I år derimot, kan det gå mot tomme baner i Selje då det er stor usikkerheit rundt når koronapandemien vil nå toppen. Uansett har idrettslaget sendt ut invitasjon for å vere føre var.