No blir det endeleg breiddefotball igjen

Norsk Fotballforbund avdeling Sogn og Fjordane har vedtatt oppstart av breiddefotball frå midten av august. Det gjeld både for seniorklassea og barne- og ungdomsklassa.

Glede: Snart kan vi få sjå slike scener igjen. I dag slapp kretsen datoen for oppstart av breiddefotballen igjen.  Foto: Stig Høynes:

Sport

Planlagt oppstart er i august for Kretsligaen og 3. divisjon kvinner. Ifølgje kretsen vil det slik det ser ut no, bli oppstart helga 14. – 16. august for begge divisjonane.