– Eg følte eg hadde ein god dag

Stein Ove kasta hesteskoen til stemnesiger

Førre helg vart det arrangert NM Nix, og to nasjonale noregscupstemner på grusbana ved Breimshallen. – Eg følte eg hadde ein god dag, fortel Mino HK-kastaren, Stein Ove Stoddern, som vant søndagens stemne.

Øverst på pallen førre søndag: Stein Ove Stoddern frå Mino HK jublar etter å ha vunne finalen mot Oddvar Turøy frå Førde hesteskoklubb.  Foto: Stig Høynes

Sport

– Det var veldig kjekt. Eg hadde god flyt gjennom heile dagen, seier Stoddern til Fjordenes Tidende i etterkant av søndagens triumf.