Kasta seg ut i det med gode vener

Det uformelle, men akk så populære Hennesøy Open gjekk i helga av stabelen i Hennøystranda.
Sport

Lokale heltar og tilreisande atletar deltok i den private frisbee-turneringa. Og med deltakarar som har både NM, EM og VM-resultat på merittlista, var det nok høg kvalitet på det meste som gjekk føre seg – både før og etter siste kast for dagen. I alle fall om premiane vart delt broderleg.

Son og far, hendaldsvis Knut og Jostein Håland stakk av med dei to øvste plassane, medan Marius Urke kom på tredjeplass.

Pallen: Frå venstre, Jostein Håland, Knut Håland og Marius Urke.  Foto: Privat



Resultat
1Knut Håland
2Jostein Håland
3Marius Urke
4Tom Tennebø
5Stian Tennebø
6William Breivik
7Sondre Pettersen
8Mats Thomsen
9Trond Myrestrand
10Lars Håland
11Øystein Solheim