Kristoffer er klar for nye utfordringar i større klubb

Kristoffer Thue Stranden er klar for Hødd. 17-åringen frå Åheim har vore Måløy-spelar sidan i vinter, men på grunn av koronasituasjonen har det kun blitt kampar i Vinterserien junior herrer for den lovande midtbanespelaren.

Overgang: Kristoffer Thue Stranden er klar for Hødd. 17-åringen frå Åheim har vore Måløyspelar sidan i vinter, men på grunn av Koronasituasjonen har det kun blitt kampar i Vinterserien junior herrer for den lovande midtbanespelaren.  Foto: Stig Høynes

Sport

Det skriv Haugenfotball på sine heimesider.

Kristoffer Thue Stranden spelte i 2018-sesongen 12 kampar for Skavøypoll i Kretsligaen. I 2019-sesongen blei Thue Stranden kåra til Årets spelar for Vanylven sitt lag i 6. divisjon på Sunnmøre. Her scora midtbanespelaren 16 mål på 13 kampar. I tillegg scora Thue Stranden 14 mål på 13 kampar for Vanylven sitt gutelag i 2019-sesongen.

Kristoffer Thue Stranden har spelt fast for kretslaga til NFF Sogn og Fjordane.