Skal «klemme til» saman med andre klubbar

Måløy Fotballklubb, samt Selje og Åheim Idrettslag går saman og dannar lag i årets U20-serie for jenter. Dei to førstnemnte klubbane dannar også lag for gutar. Kampane blir sparka i gang komande laurdag.

Samarbeid: Guro Lesto Larsen og dei andre spelarene under 20 frå Selje/Åheim, går saman med spelarar frå Måløy FK for å danne lag til årets sesong i U20-klassa.  Foto: Marianne Solheim Rotihaug

Sport

Kretsen opplyser om at det kan kome endringar i fastsett terminliste, om breiddefotballen mot formodning vert sett i gang. Om det ikkje blir breiddefotball, vil sesongane for dei aldersbestemte laga bli forlenga.