Årets første turnering

Stor idrettsglede då miniputtfotballen rulla i gang årets sesong

Laurdag 29. august arrangerte Eid Fotball årets første miniputturnering i Nordfjord. Heile 44 lag frå 10 forskjellige klubbar var i aksjon under turneringa som gjekk av stabelen på Eid Stadion.

Gul jubel: I tillegg til arrangørklubben Eid stilte ni andre klubbar med lag.  Foto: Stig Høynes

Sport

Både Eid, Tornado, Skavøypoll, Selje, Stadlandet, Bremanger, Heia, Haugen, Stårheim og Svelgen stilte lag i turneringa.