Idrettslaget avlyser – naboen trassar tøffe vêrmeldingar

Grunna svært dårlege vêrmeldingar ser Stadlandet IL seg nøydde til å avlyse helgas fotballskule, medan naboklubben Selje vil la arrangementet gå som planlagt.

Grunna svært dårlege vêrmeldingar ser Stadlandet IL seg nøydde til å avlyse helgas fotballskule, medan naboklubben Selje vil la arrangementet gå som planlagt. Her frå då Tine fotbqallskule vat arrangert på Nordfjordeid i sommar.   Foto: Siri Kolseth

Sport

– Vi forsøker, og blir det for gale, så får vi heller avlyse. Folk må kle seg etter vêret, seier Atle Solheim i Selje idrettslag.

Dei har valt å la Tine fotballskule gå som planlagt med arrangement fredag kveld og laurdag for dei rundt 45 påmelde ungane.

På Stadlandet var planen var å arrangere tre dagar med Tine fotballskule frå 10.–12. september.

– På grunn av frykteleg dårlege vêrmeldingar ser vi oss nøydde til å utsette fotballskulen, skriv idrettslaget på sine Facebook-sider.

Tidlegare i veka skreiv arrangørane følgande:

– Det ser ut som vi kan vente oss nokre dagar med eit forrykande regnvêr. På grunn av koronasituasjonen har vi ikkje tilgang på gymsal/kantine som tidlegare. Vi må derfor sjå an situasjonen og vêrmeldingane, forhåpentlegvis blir det betre enn venta slik at vi kan halde fotballskulen i helga.

No har Stadlandet IL bestemt seg for å avlyse, og kjem tilbake med nye datoar så snart som mogleg.