Ser oppgang i turaktiviteten

Godt over 10.000 besøkte toppane i Fjelltrimmen i fjor. Andrea, Magnus og May Sissel var blant sprekingane

Stadlandet Idrettslag si trimgruppe ser ein fin oppgang i turaktiviteten, og i 2019 hadde dei 17 toppane i Fjelltrimmen meir enn 10.000 besøk samla.

Dei tre vinnarane: Andrea Årsheim Bakkebø (15-Kvinne), Magnus Fure (81-Mann) og May Sissel Årvik (49-Kvinne).   Foto: privat

Sport

– Vi har hatt ein god oppgang, og ligg no på rundt 10.000 besøk i året på toppane. Det er vi fornøgde med, seier leiar i idrettslaget si trimgruppe, Lars-Helge Honningsvåg.