Lokale idrettstalent har fått moglegheita til å søke utviklingsstipend

99 utøvarar innan 35 ulike idrettar og frå heile fylket har søkt utviklingsstipend for idrettsutøvarar frå Vestland fylkeskommune. Tre av desse er frå våre kantar.

Betyr mykje: Salum Kashafali (i midten) fortel at idrettsstipendet han fekk frå Hordaland fylkeskommune i 2019 har betydd mykje for satsinga hans vidare. Biletet er frå utdelinga i desember i fjor. 

Sport

– Dette er både overveldande, overraskande og svært gledeleg. Målet med stipendet er å gje utøvarane høve til å vidareutvikle seg og bli betre i idretten sin, samstundes som vi vil stimulere dei til å satse vidare. Den store søknadsmengda lovar godt for framtida til idretten i fylket, seier Per Morten Ekerhovd, som er fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering i ei pressemelding.