Snudde kampen i siste minutt og sikra finalebilletten

Eid sitt jentelag er klar for kretsfinalar mot Førde 1 i klasse J15/17 for elleverlag. Førde 1 vann 5–4 mot Førde 2 i den andre semifinalen.

Eid jublar etter seieren mot Gaular måndag kveld. Bak frå venstre: Lene Refsnes, Silje Hellenes, Andrea Engeseth Naustdal, Eveline Skrede Anderson, Oselie Henden, Julia Felde, Amanda Marie Challen og trenar Henning Haugen. Framme frå venstre: Tuva Alsaker, Mathilde Solheim, Tuva Sigdestad Lund, Ida Vingen Vedeld, Pernille Leirgulen Kullsveen, Marte Skeistrand og Matea Myrold Haavik.  

Sport

Eid vann si avdeling og spelte måndag kveld semifinale mot Gaular som blei nummer to i den andre avdelinga.
Her snudde Eid 0–2 til seier 3–2. Vinnarmålet kom på straffespark eit minutt før full tid.