Scora i avgjerande kamp. No kan det nok ein gong bli eliteseriespel på spissen frå Venøy

Laget frå bygda med same namn slo tysdag Ranheim 3-1 heime på Fosshaugane Campus. Kupen scora heimelaget sitt første mål i kampen.

Feiring: Her har Endre Kupen frå Venøy akkurat sett inn Sogndals første mål for dagen. Kampen mot Ranheim enda til slutt 3-1 i favør laget frå saftbygda som med det er klare for finale mot enten Start eller Mjøndalen i kampen om plass i Eliteserien 2021.  Foto: Stig Høynes

Sport

Det var gjestane som starta best då Ivar Sollie Rønning sette inn 0–1 etter 13 minutt, men tolv minutt seinare var den kjappe spelaren frå Venøy på plass og utlikna til 1–1. Etter han var Peter Godly Michael på plass og førte laget frå saftbygda i leiinga.