Den ultraspreke familien kastar seg inn i norgestoppen

Eit miljø av utøvarar med genetisk nedarva anlegg for kastøvingar blomstrar opp i Syltefjorden. Familien Thunem er Vanylvens svar på Team Ingebrigtsen.
Sport

Eldstejenta i familien, Kristina (22), tok bronse i senior-NM i kulestøt på Hamar i fjor. Ho har vore landets beste junior og vunne gull i junior-NM i kule dei tre siste åra. Ved sidan av kule satsar ho også på slegge.