No skal spissen heim og slappe av med å fiske krabbe

– Det gjekk frå himmel til helvete på under åtte minutt

I skikkeleg vestlandsvêr på Intility Arena i hovudstaden skulle ein tru at Endre Kupen og resten av Sogndal-laget skulle ha ein fordel. Slaps og regn gjorde derimot at ballen spratt feil veg og heller i favør bruntrøyene frå Mjøndalen som med det kan forberede seg på enda eit år i Elitesereien.

OBOS: Endre Kupen frå Venøy og resten av Sogndal-laget, må førebu seg på nok ein sesong i Obos-ligaen. Dette blei klart etter måndagens kvalifiseringskamp mot Mjøndalen i Oslo.  Foto: Stig Høynes

Sport

– Det gjekk frå himmel til helvete på under åtte minutt. Så det er klart vi blei skuffa, men det er ikkje så masse vi får gjort med det, seier Endre Kupen til Fjordenes Tidende.