Fekk endeleg opne nokre av trekka

Sjå bilda av små og store kose seg i skianlegget for første gong denne sesongen

Endeleg kunne skiglade små og store få prøvd skia i trekket og løypene i Harpefossen.

Harpefossen Skisenter AS opnar for sesongen. Og desse jentene er klare for neste tur med Enerskiheisen, f.v. Sofia Lunde, Sienna Carlson og Stine Solvang.  Foto: Siri Kolseth

Sport

– Det har blitt laga temmeleg store mengder med kunstsnø dei siste dagane, og onsdag kveld gjekk maskinene for alvor i gang med dosing og planering av snøhaugane i nedre delar av anlegget, fortalte Jarle Åsebø til Fjordenes Tidende for nokre dagar sidan.