Fekk knallstart på opninga og håpar å få meir av anlegget i bruk snarast råd

– Maskinene er i sving og vi kan kome til å opne opp til Lysliehogane til neste helg, seier Tore Kroken Karlsen ved Harpefossen Skisenter. Bak seg har han eit ekstra stort mannskap når senteret produserer 11.000 kubikkmeter kunstsnø i døgnet og vil ha meir av anlegget i bruk snarast råd.

Skisenteropning: Operativ leiar Tore Kroken Karlsen (fremst) saman med deler av skipatruljen på ein glad opningsdag for sesongen, f.v. Andrea Hatlebrekke frå Stårheim, Stian Sætren frå Raudeberg, anleggsvakt Anders Engeland, Markus Hjelmeland og Ivar Engeland, alle frå Nordfjordeid.  Foto: Siri Kolseth

Sport

Laurdag var det sesongopning, og det Tore Kroken Karlsen seier var ein viktig dag både for selskap og for publikum. For skifolk handlar det om å kome i gong med skisesongen og bruke anlegget. For selskapet handlar det om å hente inntekter etter at fjoråret vart det operativ leiar kallar ein katastrofesesong.