Erlend sitt spontane påfunn gav tidenes bursdagsfest

Kva får ein om ein kombinerer mykje snø, bursdagsfest og ein spontan Stad-væring. Jo, noko så uvanleg som eit skirenn på Stadlandet.

Erlend Åndal deler ut premie til nokre av dei mange som møtte opp til det spontane skirennet på Stadlandet søndag.  Foto: Privat

Sport

– Eg fekk eit innfall laurdag kveld om å invitere til skirenn heime på garden dagen etterpå. Eg tenkte «det er jaggu er mange år sidan vi har hatt noko slikt her på Stad», så då skreiv eg på Facebook at eg skulle ha det på søndag, seier Åndal.