Magnus (24) blir dagleg leiar på heimebane

Magnus Leite Gilleshammer frå Kjølsdalen i Stad kommune tar fatt på nye oppgåver på heimebane som dagleg leiar for Eid fotball.

Ny sjef: Gilleshammer står igjen som dansk meister og med ein fullført bachelor etter eit år som praktikant hos den ferske seriemeisterklubben, FC Midtjylland. No blir han dagleg leiar i Eid fotball.  Foto: Privat

Sport

Sidan august i 2019 har Gilleshammer vore praktikant hos den danske toppklubben. Oppgåva til kjølsdølingen har vore å jobbe med video og statistikk både frå treningar og kampar for FC Midtjylland sitt førstelag.