Ho var aktiv da gruppa starta opp for nokre år sidan, og er glad for at tilbodet no kan starte opp igjen etter eit par års pause.
– Vi starta opp for rundt seks år sidan, og heldt det gåande i eit par år. Men så vart vi etter ei tid for få påmelde, så då gjekk vi over til å gå turar i trimløypa og etterpå ha ei samling på kafé. Men no er det kjekt at vi er i gang igjen med yoga her på treningssenteret, smiler ho.
Fjordenes Tidende var innom treningssenteret for å sjå på tilboda som no startar igjen ved treningssenteret
Tilbodet om yogatrening er både for dei som er i ulike stadier av kreftsjukdommen, og under behandling, men også for dei som er i rehabiliteringsprosessen.
Yogatreningstilbodet er eit samarbeid med Brystkreftforeininga der Måløy Treningssenter har vore aktive med å arrangere Rosa Sløyfe-aksjonar lokalt i fleire år.
«Leve heile livet»
Gerda, Brynhild og Dagny rosar tilbodet om trening for si aldersgruppe, men ser gjerne fleire treningsglade menn
Ved Måløy Treningssenter legg dei opp til ein aktiv og sosial kvardag for den eldre garde. Med regjeringa og Kinn kommune sin kvalitetsreform for eldre «Leve heile livet», er dørstokkmila blitt hakket enklare å kome seg over - i alle fall for nokre av dei.
Senteret har no fått tildelt midlar som gjer at dei kunne starte opp att tilbodet om trening for kreftramma.