– Håpet er at vi skal kunne ha turnering i ei eller anna form

Arrangørane av Seljecup føyer seg inn i rekka over dei som kryssar fingrane for ein normal sommar. Foreløpig er det alt dei kan gjere, ifølgje Atle Solheim i Selje idrettslag.

Usikker: Atle Solheim i Selje idrettslag håpar i det lengste at dei skal kunne invitere til Seljecup 11-13. juni. Kva format det blir i veit han ikkje enda.  Foto: Fjordenes Tidende

Sport

– Vi har jo sjølvsagt eit håp om at det kan arrangerast, noko vi òg har søkt om å få gjere. Men kva format det eventuelt blir, det er det for tidleg å seie noko om no, seier Solheim om turneringa som etter planen skal gå av stabelen 11. til 13. juni.