Avlyser den populære turneringa

På grunn av den pågåande Koronapandemien har Eid Fotball sett seg nøydd til å avlyse årets Extra Eid Cup. Turneringa har dermed blitt avlyst på grunn av Korona både i 2020 og i 2021.

  Foto: Stig Høynes

Sport

Turneringa skulle etter planen blitt arrangert på Eid Idrettspark laurdag 24. april. Extra Eid Cup blir arrangert av Eid Fotball i samarbeid med sponsor Coop Extra er for gutar og jenter i alderen 6–14 år.

Eid Fotball har med unntak av i 2020 arrangert Eid Cup kvart år sidan 2013.

Totalt 85 lag frå klubbane Eid, Skavøypoll, Heia, Stårheim, Ørsta, Tornado Måløy, Florø, Svelgen, Sogndal, Selje, Førde, Hornindal, Stryn og Balestrand deltok i turneringa i 2019.