– Med dagens restriksjonar og smitteutvikling nasjonalt har vi ikkje anna val enn å utsette seriestarten

NFF Sogn og Fjordane har planlagt for oppstart av seriespelet for barn og ungdom rett etter påske, samt seniorfotballen i slutten av april. Men det blir ikkje opna for seriespel før det blir mogleg å spele kampar på tvers av kommunar.

Måløy FK og dei andre lokale fotballaga må vente før dei kan entre bana i seriekampar igjen.  Foto: Andreas Hellenes

Sport

– Med dagens restriksjonar og smitteutvikling nasjonalt har vi ikkje anna val enn å utsette seriestarten, heiter det i ein e-post frå Yngve Håkonsen i NFF Sogn og Fjordane.