Erik (16) fekk debuten borte mot tangotrøyene

Erik Hovden Flataker debuterte for Sogndal i onsdagens treningkamp borte mot Aalesund. 16-åringen kom inn for Axel Kryger knappe fem minutt før full tid. Flataker har tidlegare spelt for Skavøypoll og Tornado Måløy.

Bildet er frå Sogndal sin kamp mot Stryn i klasse G20 24. oktober 2020.  Foto: Stig Høynes

Sport

Sogndal tapte til slutt 1–0 borte mot Aalesund i treningskampen på Color Line Stadion. Torbjørn Agdestein scora kampens einaste mål like før pause. Endre Kupen spelte 2. omgang for Sogndal.

Dette melder Haugenfotball på sine heimesider.

Kampen mot Aalesund er Sogndal sin andre treningskamp denne sesongen. I den fyrste treningskampen på Fosshaugane Campus laurdag 17. april vann Sogndal 4–1 mot Brann.

Sogndal sin neste treningskamp er borte mot Molde på Aker Stadion onsdag 28. april.