Startar feiringa av neste års fotballjubilant allereie no

NFF Sogn og Fjordane fyller 100 år 30. april 2022. Startskotet på feiringa startar likevel no i haust med kretsting, og vil halde fram med ulike jubileumstiltak gjennom heile jubileumsåret 2022.

NFF startar markeringa av neste års 100-årsjubileum allereie i år. Dette illustrasjonsbildet frå 2020 er frå ein kamp mellom Skavøypoll og Tornado i klasse jenter 6 år.  Foto: Stig Høynes

Sport

Sogn og Fjordane Fotballkrets vart skipa i 1922, men fotballspelet var utbreidd fleire stader i fylket før den tid. Det var i Florø og på Nordfjordeid at det heile starta.