Fotballen har begynt å rulle igjen: – Endeleg merkar vi at covid byrjar å sleppe taket

På Leikanger kunne ein laurdag vere vitne til noko det har vore lite av det siste året. Då møttes nemleg tre av Stad kommune sine fotballklubbar til balleik i strålande sommarvêr.

Laurdag kunne Ida Kristin Årvik Myklebust og Norah Vårdal, saman med jamaldra frå heile Stad kommune, endeleg boltre seg igjen saman på ei fotballbane.  Foto: Privat

Sport

– Ein kjempekjekk dag for ungane, og endeleg merker vi av covid byrjar å sleppe taket. Ungane kan møtest på ein kjekk arena og spele fotball, seier Kristoffer Vårdal i Stadlandet idrettslag.