Sjå den historiske fotballkampen på fjt.no laurdag

Laurdag 7. august klokka 15 speler Måløy FK sitt herrelag sin første kamp i Kretsligaen nokon gong som samanslått klubb. Det er også spelarane sin første ordinære kamp på nesten to år sidan serien måtte avlysast på grunn av koronaviruset.

Vi begynner sendinga nokre få minutt før kampstart klokka 15, og filmer til kampen er slutt. Det er bare å finne sendinga på toppen på Fjordenes Tidende si nettside, fjt.no, og klikke seg inn.  Foto: Måløy FK

Sport

Så denne hendinga er absolutt noko å få med seg, og både leiarar, trenarar og spelarar gler seg.

– Eg trur alle i klubben gler seg over at vi endeleg skal få komme i gang igjen med det vi skal gjere etter ein altfor lang pause. Vi håper det kjem mange for å sjå kampen, seier dagleg leiar i Måløy Fotballklubb, Jo Carlson.

Om du skulle vere så uheldig å ikkje få plass på kampen, eller av andre grunnar ikkje kjem deg dit, kan du også sjå kampen live via Fjordenes Tidende si streamingsending i morgon.

Vi begynner sendinga nokre få minutt før kampstart klokka 15. Det er bare å finne sendinga på toppen på Fjordenes Tidende si nettside, fjt.no, og klikke seg inn.

Liveoverføringa er for Fjordenes Tidende sine abonnentar. Men om du skulle ønske å kjøpe abonnement, kan du gjere det her.