Drog i land sin fyrste liga-siger

Søndag sikra Måløy FK seg sin aller fyrste siger i Kretsligaen. Laget møtte Syril IL på heimebane.

Chris-Andre Nore scora mål nummer to i kampen mot Syril IL  Foto: Seline Larsen

Sport

– Det starta bra og vi la eit bra trykk på dei. Vi hadde eigentleg full kontroll, men heldt på å rote det til med enkle feil i bakre rekke. Men det blei heldigvis ikkje noko av det, fortel trenar for Måløy FK, Erik Sandal.