– Vi fekk ein leksjon i korleis ein skal spele fotball

Før sesongen starta vart Førde 2 nemnt som ein av kandidatane til å gå heile vegen i 5. divisjon, i helga vart denne påstanden bekrefta. For trass i at vertane stilte med eit ungt lag, vart dei Selje sine overmenn då bygdelaget frå Nordfjord reiste til byen i Sunnfjord.

Kaptein: I Jonas Beitveits fråvær, var det Ole Andreas Solheim som bar kapteinsbindet under søndagens kamp borte mot Førde 2. No ser han tilbake på ein kamp der det vart menn mot gutar, trass i at gutane var eldst.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Sport

Sjølv om det sikkert også gror godt med spelarar i den sjølvutnemnde fylkeshovudstaden, er det ikkje berre det aleine som bikka kampen i vertanes favør trur fungerande Selje-kaptein, Ole Andreas Solheim.