11.300 gjekk på fjelltoppane i dette området i fjor. Og Heidi Anita var den som besøkte flest

Stadlandet Idrettslag si fjelltrimgruppe ser ein fin oppgang i turaktiviteten trass koronaåret 2020.

Her er vinnarar frå trekninga saman med den flest med toppturar. Frå venstre: Ann-Cathrin Lekanger Nygård, Heidi Anita Årsheim, Andrea Årsheim Bakkebø og Magnus Fure  Foto: Siv Monja Sjåstad

Sport

I 2019 hadde dei 17 toppane i Fjelltrimmen meir enn 10.000 besøk samla. Men i koronaåret 2020 kan leiar i trimgruppa, Lars-Helge Honningsvåg, faktisk opplyse at heile 11.300 besøkte toppane – trass i redusert aktivitet i fjelltrimgruppa.