Fire brør i sving under regntungt lokaloppgjer

I skikkeleg vestlandsvêr var det duka for ein ekte klassikar under tysdagens runde i 6. divisjon avdeling 3 då Stadlandet tok imot Flatraket på kunstgraset på Leikanger. Med fire blad Losnegard i troppen, vart det i tillegg ein ekstra spesiell dag.

Brødre: Fire brødre Losnegard på bana då Stadlandet spelte uavgjort 2-2 heime mot Flatraket tysdag kveld. Frå venstre: Asbjørn, Odd Helge, Andreas og Martin.  Foto: Stig Høynes

Sport

– Det har liksom aldri passa seg før no fordi den eine eller den andre ikkje har vore heime. Så det var veldig artig, seier Asbjørn Losnegard, som saman med eldstebror og spelande trenar Odd Helge, også fekk sjå veslebrørne Andreas og Martin få speletid mot dei kvitkledde frå den sørlege delen av kommunen.