Best i derbyet: – Å vinne eit lokaloppgjer er alltid herleg

Tøffe duellar, straffebom og fleire sjansar til begge lag gjorde at publikum fekk vere vitne til eit skikkeleg Nordfjord-derby søndag ettermiddag. Men til slutt sigra heimelaget etter å ha påført gjestane frå Eid sesongens første tap.

Jubel: Måløy kunne feire sigeren mot Nordfjord-rival Eid. I eit heftig oppgjer på Skavøypoll stadion var det til slutt vertane som trakk det lengste strået. Stillinga vart 2-1.  Foto: Måløy FK

Sport

Mykje tyder på at ting har begynt å sette seg hos dei blåkledde frå Måløy. Før søndagens lokaloppgjer mot Eid sto laget med småskuffande fire poeng på tre kampar. Litt av grunnen har vore at dei rett og slett har hatt problem med å få ballen i nota, trass godkjent spel på bana.