– Ein solid kamp. Her viser vi først og fremst at vi er trygge defensivt

Eid slo Syril 0-3 i laurdagens kamp på kunstgraset i Leikanger Idrettspark. – Ein solid kamp. Her viser vi først og fremst at vi er trygge defensivt, seier Eid-trenar Dan Jøran Hafsås.

Dan-Jøran Hafsås meiner at Eid hadde kontroll på kampen mot Syril frå det 10. speleminuttet. – Vi var aldri truga på nokon som helst måte, seier Eid sin spelande trenar.  Foto: Stig Høynes

Sport

I siste kamp mellom desse laga, slo Eid Syril 5–0 på heimebane. Sjølv om det ikkje blei like mange mål denne gangen, klarte eidarane å halde nullen i nye 90 minutt, medan dei putta ballen tre gongar i Syril sitt mål.