Blei for tafatte framfor mål: – Dette var eit steg ned

Dei siste kampane til Måløy i Kretsligaen har bydd på til dels strålande fotball. Etter ein treig start fann laget verkeleg vegen til nettmaskene og har imponert mot sterk motstand ved fleire høve. Laurdag var radaren ute av stillet igjen då vertane rota vekk poeng heime mot Vik.

Skuffa: Det var ein skuffa Måløy-trenar, Erik Sandal, etter poengdelinga heime mot Vik.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Sport

Men det mangla ikkje akkurat på moglegheiter for å sikre seg full pott. Tallause gonger var heimelaget farlege framover, utan at ballen ville i mål.