Dei gode resultata lar framleis vente på seg etter nok eit stortap i Sogn

7–32 er målstatistikken etter sju kampar for Bremanger i Kretsligaen avdeling 2. Laurdag kom sju av desse baklengsmåla då laget tapte 7-2 borte mot Kaupanger.

Nytt tap: Bremanger gjekk på sitt femte tap for sesongen borte mot Kaupanger laurdag ettermiddag.  Foto: Stig Høynes

Sport

Resultatet gjer at laget framleis ligg på nest sisteplass på tabellen med fire poeng, berre eitt poeng føre Jølster. Bremanger sin einaste siger så langt i år kom mot nettopp Jølster som ligg på sisteplass på tabellen.