Fornøgd med ni poeng på tre kampar, men reagerer på sjansesløseriet

Selje har lagt bak seg ei hektisk fotballveke med tre kampar. Sjølv om dette har resultert i ni poeng og femten scora mål, er det framleis ting å ta tak i før dei tre siste kampane om målet om ein andreplass skal nåast.

Ser mot toppen: Selje-trenar Idar Taklo ligg an til å nå målsetninga om å kjempe i toppen. Etter søndagens siger heime mot Studentspretten 2 ligg laget på tredjeplass på tabellen. Men skal dei klare å ta nye steg, må dei bli meir effektive framfor mål.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Sport

– Eg er sjølvsagt nøgd med å ta ni poeng på tre kampar i det vi visste kom til å bli ei tøff veke. Det var eit delmål vi hadde, og noko som set oss i ein fin posisjon inn mot dei resterande kampane, seier Selje-trenar Idar Taklo.