Slo til med NM-bronse

Linnea Melheim Espe frå Stårheim IL gjekk inn til bronse på K18 rulleskiskyting etter å ha skote to fulle hus.

NM-bronse: Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL/Stryn vgs og Linnea Melheim Espe, Stårheim IL/Stryn vgs (t.h.) slo begge til med medalje på NM-sprinten.   Foto: Landslinja Stryn vidaregåande skule

Sport

(Fjordingen): På ein dag der ingen av eliteløparane frå Nordfjord sette sin fot på pallen, var det ein 19-åring og ein 18-åring som skulle sikre medaljene. Det vart dermed to på pallen for landslinja ved Stryn vidaregåande skule første dag av NM i rulleskiskyting.