Desse kampane blir spelt i helga

Våre tre lokale lag i Kretsligaen tar fatt på nok ei runde denne helga. Først ut der er Måløy som reiser til Syril for å spele mot laget på nest sisteplass i avdeling 1.

Våre tre lokale lag i Kretsligaen tar fatt på nok ei runde denne helga. Først ut der er Måløy som reiser til Syril for å spele mot laget på nest sisteplass i avdeling 1.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Sport

Denne kampen kan du sjå direkte på fjt.no med sendestart 13.55 laurdag.

Kampen er reservert for Fjordenes Tidende sine abonnentar. Vil du bli abonnent, kan du klikke her og sjå dei ulike abonnenementa.

Topplaget i same avdeling, Eid, må også ut på reise laurdag, til Sogndal for å møte Studentspretten.

I avdeling 2 møter Bremanger topplaget Førde heime på Bremanger stadion. Også det på laurdag.

I femte divisjon møter Selje Florø 2 borte, medan Eid to møter Bjørn borte i Gaupne. Begge kampar blir spelt søndag.