Sjå kven som speler kampar i helga

I helga er det tre kampar i Kretsligaen og to i femtedivisjon.

I helga er det tre kampar i Kretsligaen og to i femtedivisjon. Illustrasjonsfotoet av Bremanger er frå 2019.   Foto: Stig Høynes

Sport

I Kretsligaen avdeling 1 speler Måløy Fotballklubb laurdag heime på Skavøypoll stadion mot Studentspretten. Denne kampen blir streama direkte på fjt.no, om ein ikkje har moglegheit til å kome seg på kampen.

Om du ikkje har abonnement, er det mogleg å kjøpe det her.

Laurdag speler også Eid mot Vik på Vik stadion, og i avdeling 2 speler Bremanger mot Jølster på naturgras på Skei stadion.

I femte divisjon går begge kampar søndag. Her møter Selje Sandane i Selje Idrettspark og Eid 2 speler mot Førde 2 på Eid stadion.