Publikum fekk sjå jubelscene etter jubelscene då heimelaget banka motstandaren

Med tre mål i kvar omgang kontrollerte Måløy FK kampen mot Studentspretten på Skavøypoll stadion laurdag.

Måløy FK jubla etter kvar målscoring. Her er det Simon Eide Nordbø som har sett inn 2-0 til Måløy FK.  Foto: Kjellrun Åsebø

Sport

Første omgang spelte Måløy FK-spelarane svært bra og med 28 minutt spelt var stillinga allereie 3-0. Men jubelscenene stoppa ikkje der, og kampen enda 6-1.