Seks- og sjuåringane spelte fotball og koste seg på innandørs miniputt-turnering

I helga blei det arrangert Kongleriket-turnering i Svelgen for dei på seks og sju år. Dei måtte rømme innandørs på grunn av dårleg vêr, men det la ingen demper på stemninga.

I helga blei det arrangert Kongleriket-turnering i Svelgen for dei på seks og sju år.   Foto: Svelgen Turn- og Idrettsforening

Sport

I utgangspunktet skulle turneringa vere utandørs for barn i alderen 6-9 år, men grunna vêret, med sterk vind og regn, måtte Svelgen Turn- og Idrettsforening gjere endringar.

– Vi valde å avlyse turneringa for 8- og 9-åringar ettersom dei har fått vore på fleire turneringar tidlegare. Vi flytta så turneringa for 6- og 7-åringar inn i Svelgen idrettshus, seier Stine Mari Solheim.

Det var 38 påmeldte lag i G6 og G7 og J6 og J7. Tornado, Skavøypoll, Stadlandet, Selje, Kjølsdalen, Heia, Haugen, Eid, Svelgen og Bremanger.

Det blei vellukka, og det blei spelt kampar frå føremiddagen og langt utpå ettermiddagen.

Alle foto: Svelgen Turn- og Idrettsforening