Prisdryss for lokale eldsjeler: – Klubben har eit stort fokus på «fotball for alle»

Selje blei vinnarar av Fair Play-prisen 2020 i NFF Sogn og Fjordane. I tillegg vart Cecilie Sunde Hoddevik og mannen Per-Jarle Hoddevik heidra for sin innsats i Selje-fotballen med kretsen sin blå diplom.

Møtte opp med prisar: Rune Sunde (nr. 2 frå venstre) frå Sogn og Fjordane fotballkrets møtte opp under søndagens kamp i Selje. Der delte han ut blå diplom til Per-Jarle Hoddevik og Cecilie Sunde Hoddevik, samt Fair Play-prisen til Selje idrettslag og Atle Solheim. (t.h.)  Foto: Stig Høynes

Sport

Overrekkinga av prisane blei gjort i pausen under søndagens kamp i 5. divisjon mellom Selje og Sandane.