Avdelingssigeren rauk truleg i Sogn: – Det blir ein lang tur heim i dag

For andre gang i år blei det poengdeling mellom Måløy og Vik. 2-2-kampen i Sogn laurdag betyr at det blir ei nesten umogleg oppgåve for Måløy-laget å skulle ta avdelingssigeren borte mot Eid neste helg.

Skuffa: Måløy-trenar Erik Sandal var svært skuffa etter poengdelinga mot Vik laurdag. Sjølv om det er teoretiske moglegheiter for at dei framleis kan ta avdelingssigeren, kan det bli tøft.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Sport

– Vi fortente ikkje noko meir i dag. Den første timen er blant dei dårlegaste vi har spelt i heile år. Det er skuffande at det skulle skje i ein så viktig kamp som dette, seier Måløy-trenar Erik Sandal etter kampen.