Enda med poengdeling: Her kan du sjå kampen i opptak

Det var mykje som stod på spel under laurdagens oppgjer mellom Vik og Måløy i Sogn. Med siger for gjestane, ville dei berre vere eitt poeng bak Eid som dei møter i den siste ordinære kampen for sesongen neste helg. Med poengdeling, blir det ei svært tøff oppgåve.
Sport

Vik kom best i gang heime mot Måløy då Aleksander Valsvik sette i 1–0 etter seksten minutt. Etter kvilen kom Måløy tilbake, først ved Fridjon Mortensen etter 53 minutt, før Chris Andre Nore sette i 1–2 fem minutt etterpå. Kvarteret før full tid var vertane nok ein gong på plass då eit langskot gjekk utakbart forbi Andreas Kvernevik i Måløy-målet.