Nabooppgjeret enda med avdelingssiger og jubel

Måløy 2 er avdelingsvinnar i sjettedivisjon. Det blei klart etter at dei tysdag slo naboane frå Flatraket i eit ellevilt målkalas på Skavøypoll stadion. No går laget to tøffe oppgjer i møte om dei skal kunne krone seg som kretsmeister i divisjonen.

Siger: Med tysdagens siger heime mot Flatraket sikra Måløy 2 seg avdelingssigeren i 6. divisjon. No gjenstår det to kampar mot vinnarane i dei to andre avdelinga. Blir det full klaff også der, kan laget krone seg som kretsmester i Sogn og Fjordane.   Foto: Måløy FK

Sport

Laga dei skal møte er Hafslo og Førde 3, høvesvis frå avdeling 1 og 2 i divisjonen. Dei to beste laga frå sluttspelet skal møte kvarandre i ein finale om KM-tittelen, der begge laga også er sikra opprykk til 5. divisjon – om dei ønsker det.